I dag har vi hatt skirenn i barnehagen

I dag har vi hatt skirenn i barnehagen
4- og 5-åringane i barnehagen har hatt skirenn, med start frå Aktivitetshuset, og mål ved gapahuken.
24 ivrige barn var med på skirennet i dag. Dei fleste stilte med ski, men nokre av barna ønska heller å gå på beina. Og det var sjølvsagt heilt greitt. Starten var ved Aktivitetshuset, og mål ved gapahuken. Der vart det matauke, pølser grilla på bål, og varm kakao.
Dei minste barna var igjen i barnehagen, leika og koste seg. Og så sørga dei for at småfuglane fekk mat i kulden, ved å laga fuglemat av kokosfett og solsikkefrø.
I dag har vi hatt skirenn i barnehagen